Då var me kome til tirsdag, og arrangementet ”Verdas lengste sjømatbord ” er over for denne gongen. Ei heilt fantastisk helg som omfatta Vågseidestranda, Lindås og Spjeldnes. Flott avsluttning med jonsokfeiring på Vågseidestranda.
Tusen takk til alle som tok turen til Lindås og omegn denne helga!
Det har vore mange i sving før, under og etter arrangementet, det er mange som fortjener stor takk!
Tusen takk til Prosjektledar Elisabeth Tonheim i Nordhordland Næringshage, Elisabeth er og aktør og var den som hadde den gode ideen til arrangementet og har gjort ein fantastisk jobb!
Tusen takk til velvillige dugnadsfolk i organisasjonar og alle dei som bur langs vegen der sjømatbordet var! Takk til bedrifter og organisasjonar som gav oss midler og utstyr, Lindås Kommune som hadde stor tru på prosjektet/arrangementet og gav oss støtte. Tusen takk til alle samarbeidspartnarar i reiseliv og kultur! Tusen takk til torg deltagerene!
Ekstra takk for det fine samarbeidet me har hatt med Lindås Brygge og Westland Hotel med levering av maten til sjømatbordet og Brunsjen. Er første gang me her på Spjeldnes Gard leverer så mykje sjømat. Tusen takk for godt samarbeid Tomas, Lindås Brygge og Minda og Janicke, Westland Hotell.
Vil og takka Karina Borgen Solen, for at ho sa ja til å showa litt her hjå oss på Spjeldnes Gard med "Ei reise gjennom kroppshår og anna elendighet"! Gler oss til neste gong, som vert før nokon anar!
Tusen takk til ”Dei Uberømte” og deira fantastiske forestilling om Katharina Saltnes, verkeleg kultur på høgt plan! Gler oss til det neste Audhild Fosse finn på, og ynskjer dei velkomen attende!
Tusen takk til vårt fantastiske personell som har jobba døgnet rundt for å få dette til, hadde aldri klart dette utan deko!
Håpar maten på sjømatbordet smakte. Og at de alle hadde ei herlig helg , med gode ”smakar” for både for auge, sjel og gane!