Spjeldnes Fjøset

Spjeldnes-Fjøset er to lokaler heilt utanom det vanlege. I det som ein gong var eit sauefjøs og som me har valgt å kalla Fjøset, og i Høyrommet tilbyr ein no å arrangere alt frå jubileer, konfirmasjonar, dåpsfest, bryllup, firmasamling, dagseminar, barneselskap, konsertar og utstillingar. Du finner oss i Spjeldneset på Lindås.

Fjøset

Under rehabiliteringa av sauefjøset i 2007 var ynskje å bevare mest mogleg av det gamle. Reidskaper og innretningar har fått nye og kreative bruksområder i lokalet. Gjøtene som dyra fekk mat i har vorte til sittebenker og bordene er tilverka av material frå skogen tilhøyrande garden.
Fjøset rommer ca 40 - 50 gjestar og er ca. 70m2.

 

 

Høyrommet

Ved rehabilitering av høyrommet var me bevisst på å ta vare på så mykje som mogeleg av det gamle bygget. Stavbygget er inntakt og ein har berre skifta det som var heilt nødvendig. Stavane er synlege inne i lokalet. Me har også tatt vare på kjøyrebrua, opp til den går det ei vindeltrapp. Dette lokalet er i treverk i motsetting til Fjøset som er i mur.
Høyrommet rommer ca 70 gjestar og er ca 100 kvm + kjøyrebrua.
 

Begge lokala kan brukast kvar for seg eller ein kan åpne dørene og bruke det som eit lokale.
Ved konfirmasjoner, julebord og liknande vil ein dela opp lokala og ha to grupper samtidig.
Lokala er utstyrt med trådlaust internett, prosjektor og lydanlegg.

I nybygget er det 4 toalett og entre. Eit handikaptoalett, to gjestetoalett og eit personaltoalett. Så med det eksisterande gamle utedoet (vannklosett) i tilknytting til Fjøset har me no 4 toalett til gjestar.
Lokala våre er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
 

Siloen

Siloen, som ein gang romma høy, har vore eit funksjonelt kjøkken med det ein trengte av maskiner og redskaper, men det vart for lite. I 2013 har me utvida kjøkkenet med den andre siloen pluss nybygg. Det minste kjøkkenet vert oppvask/grovkjøkken, medan det nye vert nytta til matlaging. I det nye kjøkkenet har me og freista å ta vare på den gamle siloen, så dette kjøkkenet har vorte spesielt. Me har bevart den runde forma i store delar av rommet, men kjøkkenet er topp moderne med alle maskiner og kjøkkenutstyr ein treng, samt stort kjølerom. I andre etasje av siloen har me laga personalrom. Slik at alle som arbeider hjå oss skal ha det godt på arbeid.
 

For meir informasjon:

Kontakt Heidi Hauge Spjeldnes
Tlf: +47 481 18 683
Epost: post@spjeldnesgard.no