Du er herKa skjer?
Ka skjer?
No går det mot konfirmasjoner her hjå oss. Me er fullbooka i helgene frå 28.april til 19.mai, med konfirmasjonsgjestar. Så me går ei travel men utruleg kjekk tid i møte!
Vekedagar har me litt ledig.
Me lagar no all mat sjølv, og har allereie fått gode tilbakemeldingar.
Om nokon skulle trenge eit lite koldtbord, eller snitter, tar me gjerne imot bestilling på litt catering òg. Kapasiteten er litt begrensa før me får det andre kjøkkenet i den andre siloen klart til bruk, og det kan endå ta litt tid. Ta gjerne kontakt, me prøver å hjelpe så godt me kan :) Me har levert koldtbord med kald mat til 75 gjestar og 60 gjestar, snittar til 70, så oppmot det kan me klare med kaldmat.
Me har hatt godt besøk i lokalet vårt her i Fjøset av private, lag/organisasjonar og bedrifter med gode tilbakemeldingar. Så ta gjerne kontakt og høyr om me har ledig
Tenkjer du å booke feriehuset her hjå oss, må du skunde deg! Byrjar og strøyme på med bestillingar. Feriehuset er no fullbooka i juli månad, men i august er det enno plass. Godt belegg i mai og juni, men endå nokre dagar, helger ledig.
- logg på for å skrive kommentarer